onsdag 16. november 2011

Baggy pants

Eller harembukse om du vil, baggy er dei i alle fall! Eg synes desse buksene er utrolig stilige på dei små som tasser rundt, romslige og gode til å krabbe høgt og lavt i:)


Dei finnes i lys og mørk blå, det ser ut som dongeri, men det er mjuke gode bomulls tøy.


Kluter

Desse hekla kjøkkenklutane har eg laga mange av etterkvart, dei er veldig kjekke å ha til små presanger, vertinnegaver ol


Dei er laga i bomullsgarn og er gode å fange opp smuler med. Tåler vask på 90grader, men holder seg nok best om ein vasker dei på 60grader.


Mjuke gode flanellskluter til runde barnekinn, eller til akkurat kva du måtte ønska.




Brune hjertekjoler i ullboucle

Så var omsider dei brune hjertekjolane også ferdige. Det tok litt tid då eg blei veldig distrahert av andre nye, og derav mykje meir spennande prosjekt...

Synest dei bli veldig søte, så eg er ikkje sikker på om lilla eller brun blir favoritten min, hvilken liker du best?


Babuska vesker

Her kommer det litt fleire vesker, desse er også i voksduk med herlige babuska dukker på:) Desse er litt mindre enn regværsveskene med polkadotter.


Grunnfarge i mørkbrun med lysebrune blomster, fnugg eller noko i den dur...



lørdag 12. november 2011

Lenge leve galskapen...


Eg lover meg sjøv gong på gong at no skal eg ikkje kjøpa noko meir stoff før julemessa er over. No holder det, eg treng ikkje fleire prosjekt! Så går eg ut med bestemte steg, handlelista er klar, det er dette eg treng i dag!


Så kjem eg heim med dette... Og eg må innrømma: Ja eg har eit stoff problem! Eg er hekta! Men du og du så kjekt det er å ta fatt eit nytt prosjekt, og no er det dei søte små fleecekjolane eg er hekta på.


 Eg falt heilt for fargane på fleece tøyet og trur det vil bli fint med nokon kjolar i litt sterke fargar og!

 
Ei veka igjen til første julemessa og eg har lova meg sjølv atter ein gong å ikkje kjøpa meir stoff før dette. Eg skal holde dåke oppdatert på korleis det går...

søndag 6. november 2011

Regnværsveske

 Ei vanntett veske burde nok me ha alle som bur her på vestlandet. Og viss man først skal ha ei så kvifor ikkje ha ei knallfarga med polkadotter på som lyser opp ein regnværsdag:)
Veskene er laga av voksduk i rød, mintgrønn(eller noko i den dur), lys lilla og mørk lilla og har applikert eit stort hjerte på eine sida.

Fleecekjole til de søte små

 Mjuke varme fleecekjoler til dei minste.
Den har applikert hjerte på magen
 Finnes i rød, rosa og hvit.
 Og har noraline merke på ryggen.


Handlenett


Her er handlenett til den miljøbevisste eller en nett veske til forskjellig smått.
Den er laget i bomullstøy med røff struktur og bladtrykk.