lørdag 12. november 2011

Lenge leve galskapen...


Eg lover meg sjøv gong på gong at no skal eg ikkje kjøpa noko meir stoff før julemessa er over. No holder det, eg treng ikkje fleire prosjekt! Så går eg ut med bestemte steg, handlelista er klar, det er dette eg treng i dag!


Så kjem eg heim med dette... Og eg må innrømma: Ja eg har eit stoff problem! Eg er hekta! Men du og du så kjekt det er å ta fatt eit nytt prosjekt, og no er det dei søte små fleecekjolane eg er hekta på.


 Eg falt heilt for fargane på fleece tøyet og trur det vil bli fint med nokon kjolar i litt sterke fargar og!

 
Ei veka igjen til første julemessa og eg har lova meg sjølv atter ein gong å ikkje kjøpa meir stoff før dette. Eg skal holde dåke oppdatert på korleis det går...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar