onsdag 26. oktober 2011

Hjerte kjole


Her er resultatet av kjole prosjektet mitt, det blei ikkje heilt som eg hadde planlagt, men det er det heller ikkje ofte det blir. Ting faller ofte på plass etterkvart som er syr.
 Eg har ikkje fått begynnt på dei brune kjolane enda så dei kjem bilder av etterkvart som dei blir ferdige.
Kjolane er i str. 1år, 2år, 3år og 4år.

lørdag 22. oktober 2011

Eit lite glimt av neste prosjekt...

Her kommer ein liten sniktitt på det neste prosjektet, dette er noko eg har hatt veldig lyst til å få laga, men som eg har hatt på vent ei stund! Tøyet er en slags ull boucle, og planen er å laga nokon fine små kjoler av dette, så får me sjå kva det blir når det er ferdig....


Fleecebukser


Noko så mjukt og deilig som fleece skal man leite lenger etter, og siden mitt lager av fleece auka kraftig etter ein fleecekjole epidemi, så måtte det bli litt fleecebukser til julemessa.

Eg hadde bestemt meg for å ikkje kjøpe inn til noko nytt prosjekt før eg hadde brukt opp all fleecetøyet mitt, så i panikk for ikkje få kjøpt noko nytt på lenge blei det klippa opp og sydd ikkje mindre enn 10 fleecebukser over ein heller kort periode. Det er mulig at det blei nokon seine kveldar...

Nokon er sydd heilt ferdige, men enda ligg det ein haug som mangler strikk i livet og i beina... Det viktigaste var at eg fekk gått ut å kjøpt inn til neste prosjekt i dag:) Litt tjuvstart, men det er lov!!

Poser til julemessa

Eg liker ikkje så godt plastposer, og derfor har eg alltid hatt papirposer på julemessa. Men før har eg hatt ganske små ting, så eg har berre kjøpt kvitepapirposer på konditoriet og stempla på dei. Nå har tinga mine blitt så store at eg har vokse ut av desse posane og i eit googlesøk ein kveld kom eg over desse og forelska meg i dei.

No har eg pynta dei litt opp for å få dei personlige, og sjølv om eg aller helst ville hatt mitt eget stempel på, eg er ganske fornøyd med resultatet.

"Lille Martine" bukse

Her kommer litt nytt fra julemesse produksjonen, det øker sakte man sikkert.

Buksene er i fargene rosa, lilla og blå, med ribb og sløyfeknytting i livet og strikk i beina. Desse finnes kun i str 1år og 2år.


fredag 7. oktober 2011

Kjole og bukse i blåtoner



Eller kanskje er det mest rett og sei turkis? Friske blåfarger er det i alle fall...


Ein kjole og ei bukse er så langt komme ut at dette herlige tøyet. Merket som vises på bildet over er plassert på ryggen på kjolen.


Bukse er mjuk og god med ribb oppe i livet og strikk nede i beina.


Ha ein fin fredagskveld!

Redesign spencerkjoler



Som tidligere nevnt så er eg ein stor fan av redesign, eg er stadig på jakt etter nye tøybiter.


Desse kjolane er laga av gamle tekstiler, og eg synest det har ein heilt egen sjarm at det finnes berre dei utgavene som blir til på symaskina mi.


Men uansett så liker eg godt desse kjolane i sarte pastellfarger.


Finnes i str 1 og 2år forresten, det er jo greit å nevne.

Forklekjole

 Blå forklekjole med sopp applikasjon i str 2år, søt liten sak!
Hadde så lyst å ha ein ting som går igjen på kleda, noko som passer til både gutter og jenter, og landa på denne koselige soppen. Syntest det blei prikken over i'en på eit ellers litt kjedelig prosjekt.

Retro kjoler



Her har ikkje vore mykje liv, men det betyr ikkje at det ikkje har blitt laga noko. det er vel heller det at eg har blitt så ivrig at dei ledige stundene eg har, blir brukt til å sy heller enn å blogge...


Her kommer i alle fall litt bilder fra det siste prosjektet mitt, nemlig retrokjoler!


Så lang trur eg denne med oransje og lilla er min favoritt:)

 So long!